Startside Om Skipshelleren Om Straume landskapsmuseum Tilkomst Undervisning Fotoalbum Lenker Kontakt oss
   

 
- landemerke som vitnar om farne tider 
     
 
På Straume i Vaksdal kommune, Hordaland (sjå kart) finn ein døme på eller restar etter fleire "landemerke" som er med på å særprega eller har særprega landskapet.  Som ein vil forstå når ein kjem til staden, har Straume namnet sitt frå den til tider strie straumen som passerer landskapet akkurat her.  Like til Bolstadstraumen bru kom seint i 1963 måtte straumen forserast med båt dersom ein ville vidare innover Bolstadfjorden.  Dei siste åra før brua kom, korresponderte  skyssbåten "Jåbekk" mellom bussen til og frå Eksingedalen på "Straume-sida" og bussen til og frå tettstaden og kommunesenteret Dale på  "Dæmring-sida".
 
Skipshelleren er sjølve "flaggskipet" i landskapsmuséet.  Helleren ligg på vestsida av straumen, på den sida som for ikkje så mange tiår attende framleis vart kalla for Bortifetæ, men som på folkemunne i dag vert kalla for Dæmring.  For nærare opplysningar sjå Buplassen.
 
Skulemuseet ligg på austsida av straumen, like ved fjorden, eller som dei gamle sa:  "Me´ Sjøno".  Eit gamalt skulehus som ikkje har vore i bruk som skulestove sidan 1925, tener som museum.  Her finn ein m.a. eit typisk klasserom frå gamle dagar og diverse skuleutstyr- og materiell som har vore i bruk opp gjennom tidene.  I øvste etasje står ein langpult som var i bruk i omgangsskulen for over 100 år sidan.
 
Kallestadbua er eit typisk vestlands "bualoft", som opprinneleg kjem frå Kallestad på Osterøy.  Bua som er bygd på 1600-talet, vart i si tid flytta til bygdesenteret Stamnes, der det vart lagringsplass for "Dei Dyvikske Samlingar".  Rundt 1990 vart det kjøpt av Vaksdal kommune, og sett opp att på skuleplassen vegg i vegg med skulemuséet.  "Dei Dyvikske Samlingar", samla av O.K.Dyvik, er i dag å finna både i "Kallestadbua" og skulemuséet.
 
Naustrekkja ligg på austsida av straumen, like ved skulemuseet.  Her ligg 4 naust tett i tett etter kvarandre, kvart naust tilhøyrande dei 4 hovudbruka på Straume.  Nausta er truleg sette opp tidleg på 1800-talet, og alle nausta er bygde i i såkalla grindverkskonstruksjon.  Denne byggjeskikken har tradisjonar tilbake til førhistorisk tid.
Dei opne veggane er typisk for nausta i dette området.  Store deler av året har det likevel vore ein slags veggar i nausta, i form av store "ve´ala".  Opp gjennom tidene har bøndene på Straume alltid lagra og tørka mesteparten av veden sin i nausta.  Mykje av veden vart før i tida selt vidare til Bergen.  Denne "byveden" vart lenge frakta i vedskuter som kunne ta 10-12 mål ved om gongen.  Dei seinare åra er det rekonstruert og bygd opp ei slik skute på Gammersvik, den såkalla "Brørvika-skuta".  
 
Tusenårsbygget  ligg nede  ved sjøen under Skipshelleren.

Dette er Vaksdal kommune sin tusenårsstad.

Dette bygget er reist i stavkonstruksjon også kalla grindverksbygg.

Stokkar med ulik lengde  er sett saman til ein berande konstruksjon (grind).

Dette var ein vanleg byggeteknikk på gardane i området frå gamalt av særleg

på naust og løer , mellom anna i den gamle naustrekkja på Straume.

 

Tusenårsbygget er laga  av: Rune Revheim  og Knut Øvstedal i år 2000-2001.

 

 

Sandtaka
Istida førte til at det danna seg naturlege terassar av sand og singel på begge sider av straumen.  Desse store naturressursane vart først for alvor tekne i bruk av folk i området kring 1870, den første tida på vestsida av straumen.  I byrjinga føregjekk alt med handmakt.  Sandmassane vart lasta ombord i sandskuter, dei første utan motor, og frakta nedover Bolstadstraumen og ut Osterfjorden, for det meste til Bergen.  Sanddrifta vart ei svært viktig attåtnæring for bøndene, men her var også viktige arbeidsplassar for andre i bygda.  Utføring av sand frå området føregjekk i relativt stor stil i om lag 100 år.

 
Laksegilje
Desse særmerkte småhusa som "heng" i bergsidene, eller står på høge stolpar ved fjorden, vert kalla for "giljer" (uttalast i eintal for ei "jilje") eller "laksegiljer".  Det siste namnet fortel noko om funksjonen til desse hyttene, dei skulle nemleg brukast til å fiska laks.  Til å fanga laksen brukte dei "sitjenot", ein stor garnpose som er open i den eine enden og festa til land med tjukk streng ("laksastreng").  Når fiskarane såg laksen koma inn i nota, kunne dei frå "gilja" utløysa tauverk og steinar, som gjorde at den opne enden av nota kom godt over vassyta, slik at laksen vart stengd inne.  Då var det full fart ned "stigane", opp i båten og ut til nota for å få laksen ombord og på land.
Lakse- og aurefiske var ei svært viktig attåtnæring for bøndene langs heile Bolstadfjorden.  Likeeins lenger ute i fjordane, både i Sørfjorden og Osterfjorden.
 
Dragebryggja
Den strie straumen forbi den smale passasjen på Straume har til alle tider vore vanskeleg, ja, direkte farleg å gje seg i kast med.  For nokre har ferda gjennom straumen vore deira siste reis.
Soga fortel at det var vossingane som fann ut at dei måtte gjera noko med saka.  Det var ikkje tilfeldig at akkurat vossingane hadde ynskje om å kunna koma lettare forbi straumen, då dette var "byvegen" deira i eldre tid, før jarnbane og vegutløysing.  Rundt 1930 fekk dei sett opp ein mur eller ei lang bryggje på vestsida av straumen, den såkalla "Dragebryggja".  På denne måten kunne dei koma seg forbi straumen til og med når han gjekk på sitt striaste.  Då gjekk dei i land i den eine enden av "Dragebryggja", hadde feste i båten framme og bak, og drog så båten med seg langs bryggja, til dei var komne forbi dei verste stryka.  Så gjekk dei ombord att i båten, og for vidare på reisa si.

 
        Rediger