Startside Om Skipshelleren Om Straume landskapsmuseum Tilkomst Undervisning Fotoalbum Lenker Kontakt oss
   

Bergen Museum, Arkeologisk avdeling har mange gode lenker til ulike opplysningar om steinalderen. Der kan ein med anna finna opplysningar om Steinalderutstillingen.


Vidare kan ein gå inn på ei nettside som er kalla Dokumentasjonsprosjektet. Under denne databasen kan ein, t.d. ved å søkja på Vaksdal kommune, få fram funnplassar i kommunen og kva som er registrert av funn på dei ulike plassane.

Undervisningsavdelinga ved Institutt for Arkeologi, Kunsthistorie og Numismatikk, Universitetet i Oslo (UiO), har utvikla eit program som dei har kalla SARC (Stone Age Reference Collection). Dette er eit referanseprogram, som inneheldt informasjon om typologi, teknologi, råmaterialar og metodar i studiet av steinalderen. Programmet er også tilgjengeleg på engelsk.

Ein annan buplass frå steinalderen er Sandtrahelleren mellom Sandefjord og Larvik.
 
 
 Pakk reiseveska di og ver med attende til livet i Skipshelleren

Pakk reiseveska di og og ver med til Skipshelleren for å høyra historien om staden.  Det ligg ein fantastisk heller. Helleren vert kalla Skipshelleren, ligg på Straume i Vaksdal kommune og er i dag ein av dei klassiske arkeologiske funnstadene i landet vårt. Teksten og utvalet av illustrasjonar til denne presentasjonen er laga av forskar Arthur Fasteland ved Bergen Museum.

Gamle Naboar - eit  prosjekt for skuleborn.

På Bergen Museum finst eit enormt arkivmateriale! Desse arkiva vart oppretta på midt på 1800-talet. No er vi kome langt i arbeidet med å gjere dei store arkiva våre elektronisk tilgjengelege.

Gamle naboar tek utgangspunkt i desse arkiva. Prosjektet utgjer ein viktig del av satsinga til Bergen Museum på formidling av kulturhistorie mot born og unge inn i den nye elektroniske tidsalderen.

Meininga er at skuleborn skal kunne gå rett inn i arkiva våre. Der kan dei sjølve sjå kva som er funne i deira eige lokalsamfunnHer finn ein




 
        Rediger