1-2.9.2016 var det vikingeslag på Småbrekke i
Bergsdalen.
Dette var ei ny etappe i dei
årlege kulturminnedagane i Vaksdal. 110 elevar frå skulane i Vaksdal
fekk prøva seg som viking med ekte klede, våpen bogeskyting, spinning av
ull,
eldslaging med flint og koking av
graut i klebersteingryte.
Dette er 11. året at Vaksdal kommune er med på opplegget, som Midthordland kompetanseregion står bak. Det er ein del av den kulturelle skulesekken i Hordaland. Instruktørar var Hordamuseet ved arkeologane Espen Kutschera og Ole Mikal Ramsøy. Lokale instruktørar var lærar Anita Vik og miljøvernrådgjevar Sveinung Klyve. I løpet av dei to dagane var 110 elevar og lærarar med frå skulane i Eksingedalen og på Stamnes, Dale, Stanghelle og Vaksdal med på dette opplegget.
KLAR TIL KAMP: Vikingslag på Småbrekke.
Skinnsko, øks og spyd
Dei fire instruktørane møtte borna med ekte vikingklede av ull og lin, skinnsko, ekte sverd, øks, spyd og skjold. Dette vekte sjølvsagt stor interesse og ungane kom straks med i vikingtida dei også. I løpet av dagen fekk også borna prøva klede og våpen frå vikingtida.
SOM I VIKINGTIDA: Instruktørar og born med våpen og klede frå vikingtida.
Snart 3.000 år sidan
Vikingtida var frå 800 til 1050 e.kr. Folka bygde seg i denne tida gode skip og reiste til Storbritannia på røvartokt. Dei la også under seg byar som Dublin i Irland. Dei slutta etter kvart med røvinga og vart fredelege bønder og handelsfolk som har utvikla seg fram til dei folka som bur hjå oss i dag.
KLAR TIL KAMP: Vikingdagar på Småbrekke. BLINK I SIKTE: Skyting med pil og boge.
Vikingestasjonar
Borna fekk vera med på å koka havregrynsgraut i klebersteinsgryte. Over bålet stod ei 30 kg tung gryte hogd i kleberstein. Steinen var lett å forma til ei gryte og toler godt varme og held lenge på varmen. Ein hadde eigne klebersteinsbrot omkring. Mellom anna ligg det eit oppe på fjellet mellom Teigdalen i Voss og Eksingedalen.
Skyting med pil og boge var populært, og jubelrop var å høyra når borna trefte blinken. Tre skyttarar stod på linje med trebogar og piler med ekte fjør i enden.
For å laga klede og segl brukte ein saueull. Først måtte ulla karast for å få alle fibrar til å gå same veg. Så vart det å laga ein ulltråd med bruk av ei enkel håndteine. Dette krev ein del teknikk, men alle borna fekk med god hjelp til å laga seg ein tråd.
GULLHORG: Kanskje såg det slik ut? Ei gullforgylla steinhelle vart kasta i Småbrekkevtanet.
Leik og alvor
Medan borna leika viking med sverd og skjold kom det frå ein lærar:
- Dette hadde ikkje gått bra heime på skulen!
Men der, på historisk grunn var borna ivrige, men viste respekt for farlege våpen og klarte å skilja mellom leik og alvor. Noko som ikkje alltid dei ekte vikingane klarte.
- For ein kjekk dag dette var, kom det frå fleire, sjølv om det var surt regnvêr begge dagane på Småbrekke.
Slaget om Gullhorgi
Ved Småbrekkevatnet vart det eit vikingslag, nemleg slaget ved Gullhorgabu og Herfangen. Ei gullforgylla steinhelle vart kasta i vatnet, omtrent slik det skulle ha skjedd for om lag 1000 år sidan.
I nedre Gullhorgatjørna skal det ifølgje segna liggja skjult ein gammal skatt frå vikingtida. Den vesle tjørna ligg mellom Storlitjørna i Vaksdal og Øvre Dukavatn i Samnanger.
I bygdeboka for Samnanger kan ein lesa at Samningakongen og Vossakongen ein gong i vikingtida møttest i kamp ved Gullhorgatjørna. Vossingane gjekk sigrande ut av striden, og samningane vart jaga på flukt.
Samningakongen hadde eit bord av gull, gullhorgi, som han alltid hadde med seg. For at ikkje vossingane skulle få tak i gullhorgi, kasta Samningakongen det i eit vatn der oppe. Vatnet vart etter dette kalla Gullhorgatjørna.
Sverre Johan Gjerde leita på 1990-talet i ca. 10 somrar for å finna gullbordet.
Sommaren 2002 flaug han dykkarar og utstyr inn i fjellet, og leita etter bordet i ei heil veke. Sverre er no død, men segna lever vidare gjennom runesteinen Gullhorgasteinen som står i fjellet på Høgdi.