|
14-15. oktober 2015 var det fjordfiskedagar på Stamnes. Skuleborna
fekk segla med Brørvikskuto, dra fiskefangst, klinka båtbord og laga seg
fiskereiskap ute ved Kvamsholmen. Veret var fantastisk med fargerike
fjordlier over ein spegelblank fjord.
Tekst
og foto: Sveinung Klyve
Dette
er 10. året at Vaksdal kommune er med på opplegget, som Midthordland
kompetanseregion står bak. Det er ein del av den kulturelle skulesekken i
Hordaland. Instruktørar var Hordamuseet ved arkeologane Espen Kutschera og
Ole Mikal Ramsøy. Lokale instruktørar var lærar Anita Vik og
miljøvernrådgjevar Sveinung Klyve.
Brørvikskuto
var sentral i opplegget i 2015 slik som på eit liknade opplegg to gonger
før. Skutefolket ved; Trygve Kallestad, Kjell Leiren, Lars Olav Elifsen,
Andreas Stamnes, Ove Gunnar Dyvik stilte opp med Brørvikskuto og Ola Kvamme
var slepebåt med Veafjord.
Dei
to dagane var skulane Stamnes, Eksingedalen og Dale med på opplegget med ca
45 elevar + lærarar.
|
For
eige segl:
Borna fekk vera med på få trekkja
garn frå Brørvikskuto. Fangsten var fin, for det meste makrell. Det hadde også
havørna som bur i området oppdaga. Ho sveva over båten og håpte på å få seg ein
godbit.
Så
var Brørvikskuto ute i den opne Veafjorden og segla for eiga maskin. Det var
ikkje så mykje vind, så ein måtte ta dei lange årene fatt i staden. På
Kvamsholmen gjekk alle i land for å laga mat av fiskefangsten. Her er eit stort
naust som det var godt å komma under.
Fyrst vart fisken sløydd og filetert. Han vert
steikt på bålet og alle fekk smaka, noko som slo ann og praten gjekk høglydt.
Så vart borna delt inn i stasjonar der dei lærte å
klinka saman båtbord med jernnaglar, slik som Brørvikskuto er laga. Dei lærte
også å tvinna fiskenor og å laga seg klebersteinsøkje. Det vart også vist fram
ein regndress laga av kalveskinn, som ein unge fekk prøva på seg. Dette var litt av ein artig skuledag høyrde
eg nokon av borna prata om borti ein krok, medan dei koste seg med eit stykke
av nysteikt fersk makrell.
Den rekonstruerte vedaskuta Brørvikskuto, er vorte ein
flytande tradisjonsberar av fjordkulturen i Nordhordland. Då dampskipa kom inn
i fjordferdsla på midten av 1800-talet fekk det dramatiske følgjer for
skutetrafikken. Båtane var høgde opp og brukte som kledning til naust eller dei
rotna bort.
Bilettekstar:
1.
Brørvikskuto
på tokt med spegelblank sjø, blå
himmel og fargesprakande fjordlier.
2.
10 meter
lange årer krev sterkt mannskap med 5-6 barn på kvar åre eller to vaksne.
3.
Trekkjing
av garn med fin makrell
4.
Fin
makrellfangst
5.
Borna
flettar seg fiskesnøre
6.
Regndress
laga av kalveskinn, tresko og ullvottar var fiskaren sine klede på 1800-talet.