STEINALDERDAGAR I SKIPSHELLEREN 2013
Tekst og foto: Sveinung Klyve
-Elleville jubelrop og aktive ungar på jakt etter steinalderen. 85 ungar frå skulane Eksingedalen,
Stamnes, Dale og Stanghelle var i forrige veke med på steinalderdagar i Skipshelleren på Straume. Frå Hordamuseet kom arkeologane Espen Kutschera og Ole Mikal Ramsøy I tillegg var dei lokale guidane Anita Vik, Sveinung KlyveProsjektet er ein delav den kulturelle skulesekken i Hordaland.
400 grader i bakken: Det fyrste ungane fekk vera med på var å koka mat i ei
kokegrop. Eit hol i bakken var gravd opp og på sidene og i botnen var det lagt stein. Så vart det fyrt opp eit bål i gropa. Opptenninga skjedde med bruk av flint og knusk, slik dei gjorde det i steinalderen. Det var jubel blant ungane då gnisten endeleg gav fyr på bålet. Etter halvannan time med hard fyring var steinane i gropa rødglødande og askerestar vart fjerna. 4 ekte ville vosso-laksar som forskinsfiskar Eirik Normann hadde fått vart steikt. Fisken vart lagt i folie og dekka med varm stein og torv på toppen som lok. Nedi ei slik grop er det om lag 400 grader som i ein steikeomn, og ein høyrde korleis det putra. Etter ein halvtime var maten klar og ungane storkoste seg og likte den saftige laksen. -Det beste eg har smakt av fisk, vart det sagt av mange.
Pil og boge:
Ein populær aktivitet var det å
skyta med pil og boge. Det vart brukt skikkelege trebogar laga av ask eller barlind. Pilene var av tre med ekte styrefjør på. Ungane lærte fort at dette er eit farleg våpen. Pila fekk stor fart på veg mot målet, som var ein hjort som var teikna på ei mjuk plate. Eit stort nett var sett opp for å fanga pilane slik at dei ikkje vart borte i skogen. Pil og boge krev trening og teknikk for å spenna bogen og styra pila på rett plass, så dette var berre ein smakebit på noko veldig kjekt. Ungane fekk også prøva kastespyd, der ein brukar eit trestykke til å kasta eit spyd med. Dette er vanskeleg, men nokon fekk det til og då gjekk spydet borti 40 m.
Helleristingar og flintkniv:
Å ha med seg noko heim for å
visa foreldra er alltid kjekt for ungane. Dei fekk laga sitt eige kunstverk med helleristingar på. På skiferplater var det utfresa teikningar med motiv frå gamle helleristingar som er funne ulike stader i Norge. Ungana la eit kvitt ark over og brukte fargeblyantar på. Dei fekk då fram eit fint motiv. Ein kan også bruka gras eller mose og får då fram fine naturfargar. Truleg er det no mange heimar som har fått seg nye maleri på veggen, og eit varig minne om turen i Skipshelleren. Av andre aktivitetar var å få prøva flintkniv for å spikka bark og mønster på ein trepinne. Det var også demostrert korleis ein kan felle eit tre med bruk av ei enkel øks laga av grønstein. Ein tur opp under sjølve Skipshelleren for å høyra om korleis folk levde her for 5 000 år sidan og korleis arkeologane grov ut staden, var også populært blant ungane. Aktiviteten med den nye jungelløypa med tau i trea, gav mykje lyd og fungerte som pausetrim mellom øktene. Ungane var så ivrige og oppslukte i aktivitetane dei to dagane at dei ikkje ville heim att.
Tilbakemeldinga frå skulen og foreldra var eintydig. Dette var heilt topp og dei ynskjer å komma att. Hordamuseet skrytte av opplegget til Vaksdal kommune og ser med glede fram til liknande opplegg neste år.
|