På historisk grunn i Eksingedalen 2011
Ved gravhaugen på Lavik i Eksingedalen høyrdest nyleg ivrige rop og born i full aktivitet med bogeskyting, spinning av ull, eldslaging med flint og koking av graut i klebersteinsgryte.
Som eit opplegg med den kulturelle skulesekken i Hordaland, vart det 31. august og 1. september 2011 arrangert historiske dagar på Lavik i Eksingedalen i Vaksdal kommune. I løpet av dei to dagane var 120 elevar med frå skulane; Vaksdal, Stanghelle, Dale, Stamnes og Eksingedalen. Dei 5 guidane møtte borna med ekte vikingklede av ull og lin, skinnsko, ekte sverd, øks og spyd. Dette vekte sjølvsagt stor interesse og ungane var straks med i jernalderen dei og. I løpet av dagen fekk også borna prøva klede og våpen frå jernalderen.
Kulturminneløype:
Dette er 6. året at Vaksdal kommune er med på opplegget, som Midthordland Kompetanseregion står bak. Det er eit opplegg med den kulturelle skulesekken i Hordaland. Instruktørar var Hordamuseet ved arkeologane Espen Kutschera , Ole Mikal Olsen og Karianne Foss Nygaard. Lokale instruktørar var lærar Anita Vik og miljøvernrådgjevar Sveinung Klyve.
I fjor hadde me segltur og fiske med Brørvikaskuto i Veafjorden. I 2009 var me og såg på gravhaugane på Tettaneset på Stanghelle. I Skipshelleren har me vore to gonger. Me har også vore på vikingegravene i Vik på Stamnes. Neste år har me planar om å sjå på restar etter gamal busetnad på Dalegården. Målet er å flytta seg omkring i kommunen for å få ei kuturminneløype for skuleborna. Det ein lærer som liten vert ein glad i og tek vare på. Slik får me gode kulturambassadørar for framtida.
Anita Vik og Hordamuseet har komme med opplysningar om dei historiske tinga i denne artikkelen.
Spanande historie:
At det slo til med fint ver var eit sterkt pluss på dei flate og fine grasbakkane ved Eksingedalselva på Lavik. For ca 10 000 år sidan smelta isen som låg her bort, og det låg att ei stor breelv-slette av sand og stein. Dette vart fint jordbruksland slik at folk slo seg ned og har budd der etterpå som bønder i minst 2000 år. Under Svartedauen år 1349 vart Eksingedalen mest avfolka, og det er sagt at det var berre eit par jenter att i heile dalen ein periode. Folka frå Hordamuseet kunne fortelja at dei fleste funna og fortidsminna i Eksingedalen er frå jernalderen, i hovedsak yngre jernalder, men eldre jernalder er også representert. Sjølvsagt har dalføret vore beusett før, men så langt er det ingen eldre funn frå den tida. Jernalderen er i arkeologien rekna som den tidsepoken der bruken av jern er framtredande i produksjonen av våpen og reiskap. I Norge starta jernalderen omkring år 500 f.Kr., men dei tidlegaste spora av jernutvinning er mykje eldre, kanskje så tidleg som år3000 f.Kr. Det tok bortimot 1000 år frå menneska oppdaga jernvinning til kunnskapen nådde Norden. Jernalderen starta på ulike tider på ulike stader i Europa. Vikingetida var frå 800 til 1050 e.kr og er ein periode i jernalderen (den yngre jernalderen).
Andre funn i Eksingedalen:
Dei fire sølvringane som vart funne på Høvik er eit typisk offer-/skattefunn. I vikingetida var det vanleg å grava ned sylvskattar som denne.
På Høvik er det også ein gravhaug der det er funne ei grav fra vikingetida med klebergryte, øks, sigd og bissel mm.
På Flatekvål ligg det ein mindre gravhaug (ca 7 m i tvm.), der det skal vera funne sverd og øks. Det har også vore fleire gravhaugar på garden.
Ei av gravene hadde sverd, øks og spyd. Eit anna sverd er funne like ved ei røys. Ein klonagle og ein jernreidskap er funne i ein annan haug, og i enda ei er det funnet eit bryne. Det er altså mange funn fra Flatekvål, og som ellers i Eksingedalen er det mannsgravene som dominerer.
I Øksendal er det funne mange gjenstander, som stammer fra ei branngrav. Øks, spyd, sverd med bronsehåndtak og knipetong hører til ein mann, men ei treflika spenne peikar mot at det også har vore ei kvinne med i biletet. Det vart også funnet eit par bissel. Gravurna var ei jerngryte.
På Nesheim er det bevart tre av fleire kjente haugar. I den eine skal det vera funne sverd, øks og bissel.
På Myster er det funnet en båtdel og en klebergryte.
Beinhelleren er ein gamal buplass i fjellet, truleg frå jernalder/middelalder. Sikkert ein stad der folk oppheldt seg på jakt.
Høvding Åge:
På Lavik har det vore 5 gravhauger. Desse er gravne bort og det er berre ein som i dag viser seg tydleg att som ein stor haug framfor gardstunet på Lavik. I den eine av desse, som skal ha vore enno større enn den som er igjen, er det funne øks, sverd og leirkar. Leirkar antydar eldre jernalder, medan øksa skal ha vært av vikingtidstype. Dersom opplysningane stemmer, har haugen hatt fleire graver, som ikke er uvanlig, Den gjenverande gravhaugen på Lavik, er 20 m vid og 1,25 m høg. Dette tyder på at personen som vart gravlag her var velstående og mektig. Haugen har eit søkk i toppen, som tyder at den truleg er plyndra. Det er ikkje kjende funn derifrå. Det er også funne to lanser i åkeren, ei frå eldre jernalder og ei frå yngre jernalder. Desse stammar nok også frå graver, anten øydelagte haugar eller frå flatmarksgraver.På grunn av dei svære gravhaugene er det rimelig å tru at Lavik har vore eit maktsentrum i Eksingedalen. Mengda av fortidsminne og funn er stor. Det har tydeleg vore eit gravfelt rundt den store haugen, sa arkeologane.Åge Lavik (80 år) og kona Brita er dei førre eigarane av grunnen der gavhaugen på Lavik ligg. Borna var svært spente når Åge, kledd i vikingeklede og sverd, fortalde om når han og broren fann eit ekte vikinge-sverd i jorda dei pløydde for ca 50 år sidan. Sverdet vart teke inn og lagra tørt, men når dei skulle sjå til det eit par år seinare, var det forvitra bort. Det hadde ikkje tolt å liggja slik og skulle vore konservert med ein gong. Åge fortell at han alltid har teke godt vare på den freda haugen og ikkje gravd i han, men graset på han har han slege. Arkeologane fortel at slike haugar i dag ikkje vert gravne opp. Ein veit kva ein finn der og vil heller ha dei liggjande slik dei er mest mogeleg urørde.
Kyrkjesteinen:
Dette er ei stor rasblokk som ligg ute på elvesletta på Lavik. Segna fortel at det skulle byggjast ei kyrkje ved denne store steinen.
Bøndene hadde gjort klart tømmer ved steinen. Neste morgon var all material forsvunne ogfunne att nede på Flatekval. Dette skjedde fleire gonger. Folk trudde at det var dei underjordiske ”Hullafolket” som hadde gjort dette. Til slutt skjøna folk at det ikkje skulle byggjast kyrkje på Lavik men på Flatekval , der ho ligg i dag. Steinen kan også ha vore ein gamal offerplass i førkristen tid.
Ein tradisjon som er knytt til steinen er at dersom du går rundt han 7 gonger vil du snart få møte den du skal gifta deg med. Steinen er så vid at folka på Lavik hadde sundagskaffien sin der oppe før i tida.
|