15-16. september 2010 var det fjordfiskedagar på Stamnes. Skuleborna fekk segla med Brørvikaskuto, dra fiskefangst, klinka båtbord og laga seg fiskereiskap.
Skutefolket:
Dette er 5. året at Vaksdal kommune er med på opplegget, som Midthordland kompetanseregion står bak. Det er eit opplegg med den kulturelle skulesekken i Hordaland. Instruktørar var Hordamuseet ved arkeologane Espen Kutschera og Ole Mikal Olsen. Lokale instruktørar var lærar Anita Vik og miljøvernrådgjevar Sveinung Klyve.
Brørvikaskuto var sentral i opplegget i 2010 slik som på fjordkulturdagane på Stamnes i 2008. Skutefolket ved Daniel Kvamme, Kjell Leiren, Norvald Bukkestein, Kjell Arnstein Vedå og Arnljot Møster stilte opp gratis med Brørvikaskuto og Ola Kvamme var slepebåt med Veafjord.
Hai i garnet:
Foreldre og fiskeentusiast Trond Hagen hadde sett ut garn kvelden før. Borna fekk vera med på få trekkja garna frå Brørvikaskuto. Fangsten var fin og det hadde også havørna som bur i området oppdaga. Ho sveva over båten og håpte på å få seg ein godbit. Variert fiskefangst vart det til borna si store glede. For det meste lyr men også eit par hyser, og ein liten hai, av typen hågjel. Hågjellen kan vertq opptil 80 cm lang, og er ganske vanleg langs kysten vår. Me fekk også lysing og ei flyndre. På to dagar sat me att med ca 20 kg med fin fiskefilet teke i Veafjorden.

For eige segl:
Så er Brørvikaskuto ute i den opne Veafjorden og seglar for eiga maskin. Det er ikkje så mykje vind, men nok til å ha bra fart nordover. Skuta seglar utruleg bra. På Kvamsholmen gjekk alle i land for å laga mat av fangsten. Her er eit stort naust som det var godt å komma under, for Stamnes skule 5-7. Klasse som hadde ausande regnver den dagen dei var med. Den dagen Dale og Stanghelle skule med sine 5. klassar var med, var det sol og sommarleg. Tilsaman var det med 55 elevar + lærarar på opplegget. I dette naustet på Kvamsholmen vert Brørvikaskuto lagra om vinteren.
Fyrst vart fisken sløydd og filetert. Han vert steikt på bålet og alle fekk smaka, noko som slo ann. Så vart borna delt inn i stasjonar der dei lærte å klinka saman båtbord med jernnaglar, slik som Brørvikskuto er laga. Dei lærte også å tvinna fiskenor og å laga seg klebersteinsøkje. Dette var litt av ein skuledag høyrd eg nokon av borna prata om borti ein krok, medan dei koste seg med eit stykke av heilsteikt flyndre, lysing og lyr.
Kulturminneløype:
I fjor var me og såg på gravhaugane på Tettaneset på Stanghelle. I Skipshelleren har me vore to gonger. Me har også vore på vikingegravene i Vik på Stamnes. Neste år har me planar om å sjå på gravhaugane i Eksingedalen. Målet er å flytta seg omkring i kommunen for å få ei kuturminneløype for skuleborna. Det ein lærer som liten vert ein glad i og tek vare på. Slik får me god kulturambassadørar for framtida.

