Sjå video frå Småbrekke villmarksleir i juni 2016. Laga av Håvard Bergo frå Eksingedalen.
VILLMARKSLEIR FOR BARN PÅ SMÅBREKKE
Interessa for fiske har dei seinare år dabba av. Vårt teknologiske og moderne samfunn gjer at behovet for fiske til matauk ikkje lenger er tilstades. Å kunna overleva ute i naturen, er ikkje det vesentlege meir. I dag dreg familiar på bilferie lange vegar i inn og utland for å få opplevingar. For nokre tiår sidan, tok familien seg ferie i fjellet i sitt heimeområde. Friluftsliv og fiske var då ofte naturlege gjeremål. Korleis skal barna læra friluftsliv og fiske når foreldra ikkje kan det ? Det var utfordringa vår i Vaksdal kommune når miljøvernkontoret og fritidsleiar sidan 1996 kvar sommar harr arrangerte villmarksleir for barn i alderen 10-12 år.
|
Slåtten på Småbrekke. Foto:S.Klyve |
Både barn og foreldre er alltid spente på korleis det skal gå å vera borte heimanfrå kanskje for fyrste gongen. Mange av barna hadde ikkje overnatta ute i telt før. Det å laga leir med lavu, telt, kjøkkentelt, bålplass og do var noko heilt nytt og uvant i høve til vårt moderne daglegliv. Leirstaden var ved Småbrekkevatnet, eit fiskerikt vatn i Bergsdalsvassdraget.
Barna skulle læra seg nye ting innan friluftsliv i løpet av innhaldsrike dagar med aktivitetar som bading, fjellklatring, kanopadling, båtbruk, fjelltur, kart og kompass, gardsbesøk, hesteriding m.m. Fiske var eit viktig tema med utsetjing av garn, fiske med not, oter og stong. Dei fleste barna hadde med stong, men noko å hengja i enden var det ofte mangel på. Ytterpunkta var barn som ikkje hadde fiskeutstyr og garva barn som var erfarne fiskarar på 12 år. Det er ikkje like lett å tre på makken på kroken eller fluga eller spinnaren eller få opp vasen på taumen.
Mange erfaringar og nye knep vart lært og problem løyst i fellesskap barna seg i mellom med gode hint frå oss vaksne. Mange gledeshyl var å høyra når ivrige krabater fekk sin fyrste fisk på land på eigahand, sjølv om fisken var i sardinklassen. Det var difor med garn at middagen vart sikra. Om morgonen var spenninga stor når garna vart trekt. Om lag 100 fisk vart teke på 2 garn-netter. Utfordringa var så å gjera opp fisken og bruka han til mat. Fersk fisk var steikt i folie på bålet saman med bakt potet og pinnebrød. Ein del av fisken vart salta, tørka og røykt i sjølvbygd røykeomn. Ein del barn meinte at dei ikkje likte fisk, men det såg ut til å smaka heilt topp for dei fleste når det vart servert i rett naturelement med bålvarme og stemning. Det vart også kasta med not, og 200 fisk var teke levande og oppbevart i ei nettingkasse i vatnet. Snittvekta på fisken var ca 150 g.
Opplegget vart utført i nært samarbeid med grunneigar og jordbrukslaget i dalen. Alle var svært nøgde og særleg barna og foreldra som hadde opplegg for ungane fyrste ferieveka etter skulen. Responsen var så god at dette vert eit årleg opplegg. Dette er verkeleg ein bra måte å gje folk lærdom i friluftsliv på. Ein viktig del av ein kommune sitt arbeid er å læra barna til rett holdning og handling i sitt nærmiljø. Dette kan ein best gjera med å leggja tilhøva tilrette for at barna får oppleva og utforska naturen. |
Interessa for fiske har dei seinare år dabba av. Vårt teknologiske og moderne
samfunn gjer at behovet for fiske til matauk ikkje lenger er tilstades. Å kunna overleva ute i naturen, er ikkje det vesentlege meir. I dag dreg familiar på bilferie lange vegar i inn og utland for å få opplevingar. For nokre tiår sidan, tok familien seg ferie i fjellet i sitt heimeområde. Friluftsliv og fiske var då ofte naturlege gjeremål. Korleis skal barna læra friluftsliv og fiske når foreldra ikkje kan det ? Det var utfordringa vår i Vaksdal kommune når miljøvernkontoret og fritidsleiar sidan 1996 kvar sommar harr arrangerte villmarksleir for barn i alderen 10-12 år.
|
Slåtten på Småbrekke. Foto:S.Klyve |
Både barn og foreldre er alltid spente på korleis det skal gå å vera borte heimanfrå kanskje for fyrste gongen. Mange av barna hadde ikkje overnatta ute i telt før. Det å laga leir med lavu, telt, kjøkkentelt, bålplass og do var noko heilt nytt og uvant i høve til vårt moderne daglegliv. Leirstaden var ved Småbrekkevatnet, eit fiskerikt vatn i Bergsdalsvassdraget.
|
lappesteiking på villmarksleir. Foto:S.Klyve |
Barna skulle læra seg nye ting innan friluftsliv i løpet av innhaldsrike dagar med aktivitetar som bading, fjellklatring, kanopadling, båtbruk, fjelltur, kart og kompass, gardsbesøk, hesteriding m.m. Fiske var eit viktig tema med utsetjing av garn, fiske med not, oter og stong. Dei fleste barna hadde med stong, men noko å hengja i enden var det ofte mangel på. Ytterpunkta var barn som ikkje hadde fiskeutstyr og garva barn som var erfarne fiskarar på 12 år. Det er ikkje like lett å tre på makken på kroken eller fluga eller spinnaren eller få opp vasen på taumen.
Mange erfaringar og nye knep vart lært og problem løyst i fellesskap barna seg i mellom med gode hint frå oss vaksne. Mange gledeshyl var å høyra når ivrige krabater fekk sin fyrste fisk på land på eigahand, sjølv om fisken var i sardinklassen. Det var difor med garn at middagen vart sikra. Om morgonen var spenninga stor når garna vart trekt. Om lag 100 fisk vart teke på 2 garn-netter. Utfordringa var så å gjera opp fisken og bruka han til mat. Fersk fisk var steikt i folie på bålet saman med bakt potet og pinnebrød. Ein del av fisken vart salta, tørka og røykt i sjølvbygd røykeomn. Ein del barn meinte at dei ikkje likte fisk, men det såg ut til å smaka heilt topp for dei fleste når det vart servert i rett naturelement med bålvarme og stemning. Det vart også kasta med not, og 200 fisk var teke levande og oppbevart i ei nettingkasse i vatnet. Snittvekta på fisken var ca 150 g.
Opplegget vart utført i nært samarbeid med grunneigar og jordbrukslaget i dalen. Alle var svært nøgde og særleg barna og foreldra som hadde opplegg for ungane fyrste ferieveka etter skulen. Responsen var så god at dette vert eit årleg opplegg. Dette er verkeleg ein bra måte å gje folk lærdom i friluftsliv på. Ein viktig del av ein kommune sitt arbeid er å læra barna til rett holdning og handling i sitt nærmiljø. Dette kan ein best gjera med å leggja tilhøva tilrette for at barna får oppleva og utforska naturen.
|
 |
Toppkategori Vaksdal Natur Villmarksleir
Småbrekke i Bergsdalen
|
villmarksjenter Småbrekke.Foto:S.Klyve |
|
Sjå foto frå Villmarksleiren på Småbrekke juli 2003.
|
Barn i graset Småbrekke. Foto:S.Klyve | Klikk på bilda for å få dei større og få med namn og full tekst. fFleire bilde vert lagt ut etter kvart. Sjå bestilling av bilde nederst på sida.
Flott ver og glade born var statusen etter den 8. villmarksleiren på Småbrekke i Begsdalen. 28 born opplevde forrige veke fjellet med teltliv, fiske, fjellklatring, padling, gardsbesøk og masse meir.
Åleine på leir: 28 gutar og jenter i alderen 10-12 år var forrige veke på 4- dagars villmarksleir ved Småbrekkevatnet i Bergsdalen. Leiarar var skogmeister Terje D.Kvamme, fritidsleiar Ole
|
leiarane Småbrekke. Foto:S.Klyve | Johnny Domben, miljøvernrådgjevar Sveinung Klyve, Trine Simmenes, Tore Wiers , Marius Kvamme og Dag Brekke. Det starta med etablering av leir med oppsetjing av lavvu og telt. Reglar for eit godt leirliv må lærast når det gjeld orden i telta og bruk av båt og kano. Når veret er fint og temperaturen bra er det kjekt å liggja i telt langt borte frå mor og far sjølv om ein berre er 10-12 år. Ingen måtte heim att før tida denne gongen. Finveret gjorde at bading også vart ein viktig aktivitet og vatnet var friskt med ca 17 C. Borna fekk kvar si økt med klatring i ein fjellvegg ovanfor lerien. Her var det klatring opp ein 15 m høg bergvegg og rapell ”som fluga på veggen” ned att. Også i år var også barna med i slåtten og hjelpte bonde Per Småbrekke med å raka ned gras i stupbratte bakkar. Her vart det mykje leik med skliing og høge stup i grashaugane.
Fiske, fotball og rugby
Fiske var eit viktig tema med utsetjing av garn og fiske med stong. Det er ikkje like lett å tre på makken på kroken eller fluga eller spinnaren eller få opp vasen på taumen. Mange erfaringar og nye knep vart lært og problem løyst i fellesskap barna seg i mellom med god hjelp frå oss vaksne. Mange gledeshyl var å høyra når ivrige krabater fekk sin fyrste fisk på land på eigahand, sjølv om fisken var i sardinklassen.
|
sløing fisk mange ungar. Foto:S.Klyve | Det var med garn at middagen vart sikra. Om morgonen var spenninga stor når garna vart trekt. Om lag 50 fisk vart teke slik at ein fiskemiddag var berga. Ein halvtime lenger oppe i fjellet i Moavatnet vart det også sett garn. Her vart det teke 20 flotte fiskar på 2-500 gram. Utfordringa var så å gjera opp fisken og bruka han til mat. Fersk fisk var steikt på bålet saman med pinnebrød. Nokre barn sa at dei ikkje et fiske heime, men det såg ut til å smaka heilt topp for dei fleste når det vart servert i rett naturelement med bålvarme og stemning.
|
knallraud aure. Foto:S.Klyve | Blautkaka høyrer fast med og kvar gruppe lagar si eiga kake. Me stor innsats er det viktig å få den finaste kaka pynta både med blomar og strå. Når grilla pølser og fisk var ete, var det kakefest. Dag Brekke viste binding av fiskefluger og flugefiske. Dette er svært populært og her vart det nytta både hundehår frå leirhundane Frøya og Tinka og bartehår frå ein av leiarane.
|
flugebinding .Foto:S.klyve | Marius Kvamme for sjølv deltakar på leiren i 1997. No var han med som leiar og innførde nye aktivitetar med fotballkamp, rugby med redningsvest og vandring på planke mellom to båtar. I
|
fotball Småbrekke. Foto:S.klyve | teltet fortalde han spøkelseshistoriar til innsovning. Alt dette sjølvsagt svært populært mellom borna.
|
Rugby Småbrekke. Foto:S.klvye |
Ein viktig del av ein kommunen sitt arbeid er å læra barna til rett holdning og handling i sitt nærmiljø. Dette kan ein best gjera med å leggja tilhøva tilrette for at barna får oppleva og utforska naturen. Med kvar si raude t-skjorte med villmarksleir Småbrekke på brystet kom nøgde men trøytte born heim att etter 4 dagar i sunn fjell-luft utan snop, datamaskin og mobiltelefon.
| | Klikk på bilda for å få dei større og få med namn og full tekst. fFleire bilde vert lagt ut etter kvart. Sjå bestilling av bilde nederst på sida.

Rugby Småbrekke. Foto:S.klvye
|
Ein viktig del av ein kommunen sitt arbeid er å læra barna til rett holdning og handling i sitt nærmiljø. Dette kan ein best gjera med å leggja tilhøva tilrette for at barna får oppleva og utforska naturen. Med kvar si raude t-skjorte med villmarksleir Småbrekke på brystet kom nøgde men trøytte born heim att etter 4 dagar i sunn fjell-luft utan snop, datamaskin og mobiltelefon.
AVTALE OM BRUK AV OMRÅDET PÅ SMÅBREKKE
(Nemnde prisar gjeld ikkje for barnehagar og skular i Vaksdal kommune som kan bruka leiren gratis) Bruk av området må vera avtalt med grunneigar Per Småbrekke og Vaksdal kommune ved miljøvernrådgjevar Sveinung Klyve, tlf 56594451, mobil 95987501 e-email:sveinung.klyve@vaksdal.kommune.no. Per småbrekke bur på gården på Småbrekke tlf 56598968
Leige for bruk av stor lavvu (plass til 15 personar) Det skal ikkje fyrast med bål inne i denne lavuen . Pris pr person pr natt: kr 60 Maks pris pr familie pr natt (foreldra + born) : kr 150 Større grupper etter avtale
Leige for bruk av kanoar: kr 100 pr kano pr dag. Gjeld for dei som ikkje har betalt for overnatting. Årer står i vårfloren. Ver varsam med bruk av kanoar. Ikkje stig om bord i dei på land for då vert det hol i dei. Set dei på vatnet ved steinbryggja.
Bålbrenning og bruk av ved: Bruk eksisterande bålgruve. Ta ikkje sprakje eller busker nede frå sjølve leirområdet. Desse skal stå som ly mot ver og vind Kjøp av ved vert avtalt med Per Småbrekke
Fiske: Fiskekort vert kjøpt hjå bonde Per Småbrekke Born under 16 år gratis fiske med stong Einskildkort med stong pr døger kr 30, pr helg kr 60 og sesong kr 150 Garnkort inkludert stongfiske, lån av garn og båt: kr 60 pr døger, 120 pr helg og kr 350 pr sesong. Fiskeslog skal ikkje kastast ut att i vatnet for å hindra spreiing av parasittar. Vert gravd ned i gjødselhaug bak vårfloren. Spade står i floren. Fiskekart for Osterfjord kr 60 vert seld av Per Småbrekke.
Toalett: Dette er eit lite hus i kryssfiner som ligg 30 m bak vårfloren. Dette er låst og vert opna etter avtale. Dobøtta skal tømmast når de forlet området. Tømmeplasen er 20 m frå dohuset i eit hol i myra under nokre treflekar. Legg flis i dobøtta før bruk. Flis ligg i dohuset eller i vårfloren.
Bruk av bil: Parkering i sandtaket. Avgift kr 20 pr bil. Køyring bort til leiren for einskildbilar med større mengder med utstyr vert avtalt med Per Småbrekke. Brua ved leiren er smal og må ha støtte under før ein kan køyra over. Køyring på eige ansvar.
Dersom ikkje toalettet er tømt eller området skikkeleg rydda, må me leiga folk til å gjera det. Me tek då eit gebyr på kr 300 for dette. Reparasjon av skade på lavvu og kano kjem i tillegg. Dette vert avtalt i kvart tilfelle.
Pengane for bruk av området vert betalt inn på bankkonto nr: 3500 07 00418, merkast villm.leir småbrekke konto: 4740
Småbrekke. Her ser du velstelt kulturlandskap rundt vatnet som ligg som ein juvel midt i. Det er
|
barn i trollskpg Moastølen:Foto:S.klyve |
lett å fylja den gamle militærvegen innover fjellet. Denne vart bygd i 1926-1929 åra for at det militære skulle kunna køyra med hest og vogn over til Kvitingen i Samnanger. Vegen er ca 20 km og vart lagt fint i terrenget med muring i stein og grusing. Det var nokre stader behov for handboring og sprenging med krut. På Moastølen er det ein fin gamal støl frå 1885. Her var det stølsdrift til i 1920-åra. Området er fint tilrettelagt for å ta ein kvil. For dei små er dette som eit lite eventyrrike. I ”Trollskogen” like ved stølen kan du vandra mellom eller klatra i gamle krokete bjørketre som er 2-300 år gamle. Like ved ser ein rett inn ”trollhola” Moagjelet. Dei sprekaste kan ta ein variant opp det spesielle Moagjelet og opp om toppen av Storliknausen med vidt utsyn heilt til havs. Militærvegen går derimot frå Moastølen vidare innover fjellet og opp forbi Storlitjørna. T-merka ruta tek av frå militærvegen og går nordover forbi dei to Gulltjørnane. Namnet ber eit sagn om eit gullbord som vart dumpa uti der i vikingetida. Froskemenn var faktisk der oppe sommaren 1999 og 2001 og leitte etter bordet - utan å finna noko, men dei kjem att. Vidare dei siste 3-4 km går stien under det blankskurte Bukkafjellet med dei tre bukkane (Småbrekke-, Bergs- og Liabukken) og du er så nede i meir grøderikt landskap ved Høgabu. Like opp frå hytta passerer du ei gamal fangstgrav og ledegjerde der folk for fleire tusen år sidan fanga reinsdyr.
Småbrekke ligg i flott kulturlandskap i øvre delen av Bergsdalen. Garden ligg omkransa av høge fjell. |
Småbrekke ligg i flott kulturlandskap i øvre delen av Bergsdalen. Her er ein gård som ligg tett ved vegen. Dei slår dei bratte bakkane med slåmaskin og køyrer graset inn i silo med traktor. Småbrekke er allitd velstelt og dei fekk Vaksdal kommune sin miljøvernpris for år 1995. |

Bergsdalen - ei levande jordbruksbygd Frå Dale går den ca 30 km lange Bergsdalen til Hamlagrø. Små gardstun
|
Storefossen i Bergsdalen med vårflaum. Foto:Sveinung Klyve | ligg spreidd oppover denne frodige jordbruksbygda. Bergsdalsfjella har variert og flott natur for friluftsliv. Bergen Turlag har merka rutenett og hytter i dette fjellriket mellom Bolstadfjorden og Hardangerfjorden. Det er godt fiske i elva og fjellvatna. Mange frå Bergen og omegn har hytter i dalen. Bergsdalsvassdraget er livsnerva gjennom dalen. Dette vart bygd ut til kraftføremål i 1927. Innbyggjarar i 2001: Ca 100 Service: Den vesle grenda Lid er ein møtestad for folket med kyrkje, barneskule, barnehage og grendahus. Kommunikasjon: Fylkesveg 314 går gjennom dalen. Det tek om lag 75 minutt å køyra med bil frå Bergen via Dale til Rødland øverst i dalen. Attraksjonar: Flott natur- og kulturlandskap, bygdemiljø og bygningar. Ved Storefossen ligg kraftmagasinet til BKK med flott steinmurt dam. Herfrå kastar elva seg i steile gjel under ein smal og svingete veg ned til Dale. Militærvegen (gangveg) Småbrekke-Kvitingen.
Område: Bergsdalen i Vaksdal kommune Kartkoordinat (utm): 373 155 Kartblad M 711 (målestokk 1:50 000): Evanger 1216-2 Høgde over havet: 524 Fiskebestand: aure, tett Snittvekt frå prøvefiske: ca 100 gram kondisjons-faktor: 0,98 Prøvefiska år : 1995 Kultivering: Vatnet har for høg bestand av fisk og det vert årleg fiska ut både med garn og not. Snittvekta er på veg litt opp. Fiskerapport samandrag: Korleis kjem du til vatnet: Parkering ved hovudveg på Småbrekke. Fylg grusveg/traktorveg ca 300 m inn til liten flor. Her ligg Vaksdal kommune sin villmarksleir med tilrettelagt område. Her kan ein avtale overnatting og bruk av området. Ta kontakta med grunneigar Per Småbrekke tlf 56 59 98 68. Gangtid: 5 minutt frå veg.
|
Slått på Småbrekke, Bergsdalen. Foto:S.Klyve | Områdeskildring: Vatnet ligg idyllisk til ved Småbrekke i Bergsdalsvassdraget. Her ligg den velstelte garden Småbrekke oppe ved vegen og vatnet lgg som ein juvel midt i med høge fjell omkring. Flott å slå opp telt. Sal av fiskekort: Bergsdalen jorbrukslag driv svært aktivt med fiskekultivering som utsetjing av fisk, not og rusefiske, kalking og prøvefiske. I Bergsdalen gjeld eit fiskekort for heile området Dag Brekke (Bergsdalen) Tlf. 56 59 89 30, mobil: 97634681 Johannes O. Berge (Bergsdalen) Tlf. 56 59 89 37 Per Småbrekke (Bergsdalen) Tlf. 56 59 98 68 Kjetil Rødland (Bergsdalen) Tlf. 56 59 98 65 Pris fiskekort: kr 30 1-dg, kr 60 3-dg, sesong kr 150, (prisar pr 1.1.03 kan verta endara) Sal av garnkort inkludert båt og garn i dette vatnet pris kr 350 pr sesong. kr 120 pr helg og 60 pr døger.
27.MoavatnetOmråde: Bergsdalsfjella i Vaksdal kommune Kartkoordinat (utm): 360 148 Kartblad M 711 (målestokk 1:50 000): Evanger 1216-2
|