10. juni 2001 fekk eg brukt Atle som guide på ein tur med borna sitt turlag, langs den gamle ferdavegen over fjellet mellom Teigdalen og Bolstadøyri. Fyrst prøvegjekk me turen før me hadde med oss ca 40 personar både store og små på den offisielle turen i herleg sommarver. Me gjekk opp til Brunborg og kom forbi Bjørgo og ned den gamle kongevegen og postvegen ved Nåli og ned til Horvei på Bolstad.
Atle Bolstad som kjentmann og sogemann gjorde dette til ein flott familietur med flott utsikt over fine fjellgardar og stølstufter.
På nettsida til Vassvøri sogelag står der å lesa:
Referat frå årsmøtet i Vassvøri sogelag på Evanger 8.mars-09
Atle O.Bolstad opna møtet og ynsdte dei 24 frammøtte velkomne. Til ordstyrar
for møtet vart Atle vald.
Under kaffipausa delte Atle ut blomar til Jorunn som slutta i sogelaget og
Ottar Bergstad for godt salsarbeid av sogeskriftet. Øivind Teigen, Per
Eskeland, Olav Edal og Knut Hjørnevik i skriftnemnda fekk også blomar
for arbeidet sitt. Revisor får ei bokgåve for jobben han har gjort.
Til slutt delte Arvid ut ei flott bok til Atle og takka han med gode ord
for 10 år som leiar i Vassvøri sogelag. Styret tykkjer det er synd at
han lyt gje seg som leiar i laget grunna dårleg helse, men me håpar å
kunna dra nytte av kunnskapane hans sjølv om han ikkje sit i styret.
Atle takka og fortalte litt om når han i barndommen besøkte besteforeldra på
Evange og seinare når han busette seg først på Evanger og seinare på
Bolstad.
Aktiv til det siste:Atle var aktivt med i mange ting så lenge han klarte med kreftsjukdommen
hengjande over seg. Det siste store prosjektet var fjorddagar med
Ostraskuto i Skipshelleren i oktober 2008. Han jobba også aktivt
vinteren 2009 med å ta vare på den gamle postvegen langs Geili på
Bolstad og prøvde å få verna Homannsfossen mot å verta tørrlagd av
utbygging av minkraftverk. Det var triveleg å få Atle innom på besøk
når han ynskde å få diskutera desse prosjekta.
Takk Atle for den tida me hadde saman med kjekke prosjekt.
Helsing Sveinung klyve