Startside Om Skipshelleren Om Straume landskapsmuseum Tilkomst Undervisning Fotoalbum Lenker Kontakt oss
 
NYTT

Vikingdagar på Småbrekke 2016
Video om ein dag i Skipshelleren
Opplegg i Skipshelleren 2019
Fjordfiskedagar med Brørvikskuto 2015
Kulturminnedagar på Straume 1-2.10.2014
STEINALDERDAGAR I SKIPSHELLEREN 2013
På historisk grunn i Eksingedalen 2011
FJORDFISKEDAGAR MED BRØRVIKASKUTO 2010
Video frå Småbrekke villmarksleir i Bergsdalen
Jernalderdagar på Tettaneset 29-30.9.09
Atle O. Bolstad - er gått bort
Stor pågang i Skipshelleren våren 2009
Fjordkulturdagar 8-9. oktober 2008
Skular i Skipshelleren 2008
Vikingdagar på Stamnes sept 2007
STEINALDERDAGAR I SKIPSHELLEREN 26-27.10 2006
Skular i Skipshellaren 2006
Dale mannskor syng

     


Fjordkulturdagar 8-9. oktober 2008
 
 
Fjordkultur Foto: SKFjordkultur Foto: SK
 
 
FJORDKULTURDAGAR I SKIPSHELLEREN 8-9 OKTOBER 2008
 

8-9.10 2008 var det fjordkulturdagar ved Skipshelleren på Straume på Stamnes. 150 elevar var med på opplegget i hovudsak frå 5-7. klasse. Sjå bildealbum med mange bilde her. 

 
 
Som eit opplegg med den kulturelle skulesekken i Hordaland, var det lagt opp til fjordkulturdagar 7-9. oktober 2008 i Skipshelleren ved Stamnes i Vaksdal kommune.

Guidar:Hordamuseet ved arkeologane Espen Kutscheraog Ole Mikal Olse. Lokale instruktørane; lærar Anita Vik og miljøvernrådgjevar Sveinung Klyve

Program: Info om fjordkulturen frå steinalderen og fram til i dag. Oppkleding av born med kle og utstyr som vart brukt Laging av eige fiskesøkke i kleberstein og sene til å fiska med. Båttur med Brørvikaskuto for å ro og å laga knutar Prøving av utstyr som er brukt til skjellgraving , stikkert og kikkert Koking av havregryntgraut i i klebersteingryte. Steiking av laks på 7 kg i kokegrop.

Det heile vart ein suksess. Sjå også baksida på Hordaland avis14.10. 2008 og artikkel på www.avisa-hordaland.no
 

Nedunder her kjem den gode skildringa som Jan Egil Dyvik i Hordaland avis laga.

Møter fjordkultur i Skipshelleren.

To dagar i sist veke fekk skuleelevane i Vaksdal kommune ei unik innføring i korleis forfedrane utnytta det naturen gav i fjordmiljøet kring Skipshelleren. Kanskje har nokre av dei som veks opp i dag høyrt uttrykket om at i dag er det skilja-sjø? Kanskje og kanskje ikkje - men etter skuledagen dei hadde i Skipshelleren i sist veke, så skal dei i alle fall kunna vita det, om dei høyrde etter.

Skilja-sjø: Eitt av innslaga - eller stasjonane som det vel heiter no - var nett å få eit innblikk i korleis ein levde av det fjorden kunne gje for 50 eller hundre år sidan. - Det å grava skjel var ei viktig inntektskjelde- og mange gjorde dette. Det var o-skjela dei var ute etter, og dei vart sidan brukte til agn, fortalde Ola Kvamme. Og skulle dei kunna grava skjel frå fjordbotnen, ja så måtte ein sjå - og det gjorde ein best med klar sjø - skilja-sjø. Ei lita tunne med skjel kunne vera like mykje verd som eit mål ved.

Skutefolket: Ola Kvamme er ein av skutefolket - som var med på opplegget i Skipshelleren, og folket hadde også med seg Brørvikskuta. Der fekk elevane læra seg å knyta knutar, og fekk også prøva å ro ut på Vikafjorden lite grann. - Dei originale årene har me ikkje i dag, dei er for lange, men dei me har, skal de nok klara å handtera også, sa Kjell Arnstein Vedå, som ynskte velkomen om bord i skuta. Atle Bolstad forklarte elevane -som forresten hadde eit fint klasserom om bord i den romslege båten - om tau og knutar og alt som ein måtte kunna om bord i ei veaskute- som dette er. Det er også segl på skuta, men på veg opp til Skipshelleren, må dei under ei bru som er noko lågare enn masta - og dermed måtte den takast ned.

Lokalt tilverka: Ola Kvamme fortalde både om stikkerten - ein lokal utvikla reiskap - som dei brukte for å få skjela opp, og om sjøkikerten og alt ein måtte gjera samstundes. - Dei brukte til dømes begge nevane med sjølve stikkerten - og sjøkikerten heldt dei med tennene - eller rettare sagt gebisset. Dermed hadde dei kvar sin - ikkje populært å bruka andre sin - det var vanleg med snus i denne tida, smilte han. Stikkerten er ikkje noko anna enn to møkagreiper som er tilpassa og hengt på ei fleire meter lang stang, slik at når ein pressar dei saman, så vert det som ei klo. Slik kunne dei riva opp o-skjela som står som fastlimt på botnen. Stikkertane vart laga av den lokale smeden - den tilårskomne smia hans stod forresten heilt til i fjor - då vart ho stille graven ned og jamna med jorda.
 
Laks og havregraut: Fullt så stille gjekk det heldigvis ikkje føre seg i Skipshelleren, der slik dei dreiv det i gamle, gamle dagar vert halde i hevd. Oppe under helleren fekk ei gruppe læra seg å laga fiskesøkke av kleberstein. Nede ved sjøen vart det koka graut i ei klebersteinsgryte - havregraut med jordbærsylte på skal vera godt! Ein laks på seks-sju kilo vart kokt i ei kokegrop - ein oppdrettslaks teken på land i sommar, nokre åretak lenger nede i straumen.
 
Saman med lokale guidar og folk frå Hordamuseet, vart dette ein svært spesiell skuledag. Nokre vart kledde opp slik ein trur folket i Skipshelleren ein gong såg ut. Nett det er lenge sidan - og om det var slik dei verkeleg såg ut i klevegen, tyder vel mindre. Det viktigaste er at dei lærar korleis eingong alt var - kanskje ein då også vert litt meir takksam for at me har det slik me har det?

 




 
        Rediger