Sjå bilde frå skular som var i Skipshelleren 2008
Lonevåg skule frå Osterøy opna sesongen I skipshelleren den 19. mai. 2008.
Siste skulen var Sølbjørn skule frå Austevoll den 17. juni.
Det var tilsaman 12 skular med 352 elevar denne sesongen.
På Straume fekk klassen informasjon om landskapsformer og busetnad etter istida.
Elevane sat godt tilrette oppe i veggen i Skipshelleren og fekk info frå guide Anita Vik om korleis det
var å leva her for 7 000 år sidan.
Det er laga ei eiga gravekasse der elevane får prøva å vera arkeologar. I bakgrunnen fjorden som går inn til hellaren.
Elevane brukar sikt og skei på jakt etter gjenstandar i jorda.
Pil og boge er ein artig aktivitet som krev god tryggleik og teknikk.
Elevane får bruka skiferplater med utfresa helleristingsmotiv til å laga eigne teikningar.
Fargestivftane er blåbærlyng, kol, kongler m.m.
Å leika jeger og villsvin er artig, spesielt dersom ein kan jakta litt på læraren. Her er det Eidsland skule som er i aksjon.
Her får elevane høyra om sagnet om kyrkjeklokka frå Voss som laga Gulløyne ( i bakgrunnen).
Så var den dagen i skipshelleren over og Lonevåg skule legg på heimveg. Svarte fingrar
og klede og sprudlande blide ungar fortel at dette har vore ein kjekk og annleis skuledag.
|