Startside Om Skipshelleren Om Straume landskapsmuseum Tilkomst Undervisning Fotoalbum Lenker Kontakt oss
 
NYTT

Opplegg i Skipshelleren 2023
Vikingdagar på Småbrekke 2016
Video om ein dag i Skipshelleren
Fjordfiskedagar med Brørvikskuto 2015
Kulturminnedagar på Straume 1-2.10.2014
STEINALDERDAGAR I SKIPSHELLEREN 2013
På historisk grunn i Eksingedalen 2011
FJORDFISKEDAGAR MED BRØRVIKASKUTO 2010
Video frå Småbrekke villmarksleir i Bergsdalen
Jernalderdagar på Tettaneset 29-30.9.09
Atle O. Bolstad - er gått bort
Stor pågang i Skipshelleren våren 2009
Fjordkulturdagar 8-9. oktober 2008
Skular i Skipshelleren 2008
Vikingdagar på Stamnes sept 2007
STEINALDERDAGAR I SKIPSHELLEREN 26-27.10 2006
Skular i Skipshellaren 2006
Dale mannskor syng

     


Vikingdagar på Stamnes sept 2007

PÅ JAKT ETTER VIKINGTIDA


Tekst og foto: Sveinung Klyve


           

På historisk grunn med med gravhaug tett innpå var ivrige born i aktivitet med bogeskyting, spinning av ull, klinking av båt, eldslaging med flint og koking av graut i klebersteingryte.


Som eit opplegg med den kulturelle skulesekken i Hordaland, vart det  26-27.9  2007 arrangert vikingdagar på Vik ved Stamnes  i Vaksdal kommune.  I løpet av dei to dagane var 77 elevar med frå skulane; Eksingedalen, Eidsland, Stamnes, Dale og Bergsdalen.


Arkeologane Espen Kutschera og Ole Mikal Olsen frå Hordamuseet stod bak opplegget i samarbeid med dei lokale instruktørane; lærar ved Stamnes skule Anita Vik og miljøvernrådgjevar Sveinung Klyve.



 

Gravhaugar:


Dei 4 guidane møtte borna med ekte vikingklede av ull og lin, skinnsko, ekte sverd, øks, spyd og skjold.  Dette vakte sjølvsagt stor interesse og ungane var straks med  i vikingetida dei og. I løpet av dagen fekk også borna prøva klede og våpen frå vikingtida.


Dei fekk høyra om at Vik og Stamnes har mange viktige funn frå vikingetida. Mellom anna mange våpengraver som vitnar om rikdom.


Guide Anita Vik er levande oppteken av lokalhistorie. Ein av grunnane er at ho er oppvaksen i huset som står tett inntil ein ekte viking-gravhaug. Denne såkalla Leitehaugen vart gravd ut i 1930 og her fann dei mellom anna ei leirkrukke med brende bein etter den som var gravlagd.  Alt i1839 fann folk ein  metallring i denne haugen. Ringen var av jern med eit tjukt lag med bronse omkring. Ringen er 11,2 cm i tverrmål og har eit dyrehovud.  Ringen var laga i Irland og hang på eit helgenskrin.  Han vart røva heim på vikingtokt og er den einaste av sitt slag i Norge. Han ligg no på Bergen Museum.


På Vik ligg også Rokallen  (som tyder den fyrste rydninsmannen og er eit allment brukt namn om slike haugar).  Denne haugen vart gravd ut i 1949.  Her fann dei i samme haugen 3 graver.  Ei frå ca 400 e. kr og to vikinggraver frå ca år 800  e.kr. I desse vart det funne to sverd.  Desse var varme opp og bøygde slik at ikkje gravrøvarar skulle kunna gjera seg nytte av sverda.   Det var kun rike folk som kunne få med seg sverd i grava.  


      


Kom frå Skipshelleren:



Truleg har folk som budde i Skipshellaren funne seg meir moderne bustader slik som her i Vik i Stamnesområdet.  Dei bygde seg hus av stein, stokkar og torv.  Dei hadde husdyr og dyrka jorda.  I år 2000 dyrka ein bonde opp nokre av bakkane i Vik og fann då gamle bålgroper som truleg er spor etter fyrste buplassen på Stamnes.


Vikingetida var frå 800 til 1050 e.kr.  Folka bygde seg i denne tida gode skip og reiste til Storbritania på røvartokt.  Dei la også under seg byar som Dublin i Irland.  Dei slutta etter kvart med røvinga og vart fredelege bønder og handelsfolk som har utvikla seg fram til dei folka som bur på Stamnes i dag. Namnet viking kjem truleg av namnet vik, som ein finn som stadnamn mange stader omkring i landet




    
 
Vikingstasjonar:


Borna fekk vera med på å koka havregrynsgraut i klebersteinsgryte.  Over bålet stod ei 30 kg tung gryte hogd i kleberstein.  Steinen var lett å forma til ei gryte og toler godt varme og held lenge på varmen. Ein hadde eigne klebersteinsbrot omkring.  Mellom anna ligg det eit på Nesheimsfjellet oppe mellom Teigdalen og  Eksingedalen.

 
Skyting med  pil og boge var populært og jubelrop var å høyra når borna trefte blinken.  6 skyttarar stod på linje med trebogar og piler med ekte fjær i  enden.

For å skjøna kvifor vikingane var så flinke til å laga gode båtar, var ein stasjon arbeidet med å klinka bord saman med jernnaglar.  Så fekk ein laga eld med stål og flintstein og dei fleste fekk fyr i knivkjuka. Ja nokon kjende dette godt når gloa fann små fingrar og ein fekk eit lite svimerke i huda, som eit ufarleg minne.


For å laga klede og segl  brukte ein saueull.  Fyrst måtte ulla karast for å få alle fibrar til å gå samme veg.  Så vart det å laga ein ulltråd med bruk av ei enkel håndteine.  Dette krev ein del teknikk, men alle fekk laga seg ein tråd, sjølv om det ikkje alltid var ein  tynne og jamn. 


Når borna leika viking med sverd og skjold kom det frå ein lærar:  -Dette hadde ikkje gått bra heime på skulen.  Der på historisk grunn var borna ivrige, men viste respekt for farlege våpen og klarte å skilja mellom leik og alvor.  Noko som ikkje alltid dei ekte vikingane klarte.   %96 For ein kjekk dag dette var, kom det frå dei fleste.  Og så skinte sola frå blå himmel begge dagar og det vart varmt og godt i vikingkleda av tjukk ull.






 






 






 






 






 






 






 






 






 






     


 
        Rediger