Opplegg i Skipshelleren 2023
Me har også i 2023 det vanlege opplegget vårt med guiding av skular i Skipshelleren i april, mai og Juni. Her er det fyrste mann til mølla-prinsippet. Ta kontakt for bestilling med:
Kva kostar det å besøkja Skipshelleren:
Pris kr 145,- pr elev. Dette inkluderer guiding i Skipshelleren i ca 3 timar inkludert ulike aktivitetar og bål .
Aktivitetar i 2023. Vert tilpassa barna sin alder, ver osv.
Jungelløype: Frå 2020 har me ikkje hatt Jungelløype.

Skyting med pil og boge. Dette er skikkelege trebogar og pilar med fjør tilpassa born. Me skyt på blink og brukar sikkerhetsnett. Denne aktiviteten vert ikkje gjennomført for barnehagar og dei minste skuleborna.
Lag din eigen helleristning:
Me har skiferheller med utfresa steinaldermotiv slik at borna kan leggja eit ark over og med hjelp av mose, gras, jord som fargestiftar kan dei laga sine eigne avtrykk. Desse kunstverka får dei med seg heim.
Prøv å vera arkeolog:
Me har laga eigne gravekasser der borna kan få grava i jorda og finna restar etter flint og bein frå steinalderen.
Opptenning med bruk av flint:(vert vist av guide)
Opptenninga av bålet skjer med bruk av flint og knusk, slik dei gjorde det i steinalderen.Vert gjort i plenum.
Vandring under skipshelleren:
Me brukar nesten ein heil time under sjølve Skipshelleren for å få kunnskap om korleis dei levde der for 5-6 000 år sidan. Denne ligg i ca ca 60 m over sjøen. Elevane får klatra litt opp nederst i fjellveggen og sit der på hylleformasjonar medan guiden viser og fortel. Her levde det folk i ca 6500 år og dei la etter seg restar av reiskapar, mat osv. Desse funna fortel oss korleis dei levde der.
Prøv deg som jeger og villsvin:
Borna får på seg eit skinn som klede og er jeger på jakt etter medeleven eller læraren som har har eit stort hjorteskin på seg og er villsvin. Dette gjev aktivitet og leik for store og små.
Overnatting i Skipshelleren:
Me kan også tilby opplegg med overnatting i Skipshelleren. Det er tørt å fint å liggja under hellaren eller under bygget nede ved sjøen. Opplegget med overnatting vert tilpassa dykkar eigne ynskje, men det vil vera naturleg at ein lagar si eigen middag, prøver å fiska, jakta osv.
Skuletur:
Ein skuleklasse eller mindre elevgrupper kan komma på kveldstid, ta med seg grillmat til steiking og koking. Dei får då guiding og aktivitetar etter avtale.
Kva om regnet plaskar ned:
Det er ikkje uvanleg at det regnar godt hjå oss. Opplegget i Skipshelleren fungerer godt likevel. Under hellaren er det heilt tørt og fint og vera og me har eit stort bygg nede ved sjøen som ein kan vera under.
Toalett: Me har vårt eige steinaldertoalett i området, av typen god gamaldags utedo i eit eige lite bygg.
Tilkomst:
For å komma inn til Skipshelleren må ein kunna gå på enkel sti i ulendt terreng. Det er tilrettelagt med trepper på stien somme stader så dette går greit for dei fleste og tek 5-10 minutt.
Dersom nokon går på krykkjer eller sit i rullestol må dei ha båtskyss over til ei brygge som ligg nede ved sjøen. Bryggja er nylaga og det er erin landgang som går rett bort til staden der me har alle vore aktivitetar. Dersom du skal opp under Skipshellaren må du kunna gå i terrenget. Her er ein bratt bakke opp. Båtskyss må bestillast hjå oss på førehand.
Kva årstid er den rette ?
Vår hovedsesong er frå slutten av april og til midt i juni når skulane tek sommarferie. Me kan også ta grupper om hausten. Den som er først til mølla får fyrst plass. Gå inn på menyen "kontakt oss" og bestill.
Våre guidar er;
Vår guidar er flinke og utadvende personar som er vante med å ha det kjekt saman med barn.
Me har to hovedguidar som er med samstundes ved større grupper på over ca 15 personar. Små grupper får berre 1 guide.
Anita Vik er vår hovuguide og jobbar om våren for det meste berre i Skipshelleren.
Ho har vore lærar på Stamnes skule og har mange år med erfaring som guide i Skipshelleren. Ho har stor kunnskap om lokalhistorien til området.
Dag Brekke har vore vår reserveguide. Han er bonde i Bergsdalen.
Sveinung Klyve har og vore reserveguide. Han har vore miljøvernrådgjevar i Vaksdal kommune. Han er ivirig fotograf og har teke dei fleste av bilda på sidene her. Han har lang erfaring med aktivitetar for barn i naturen. Han starta som guide i Skipshelleren i 2006.
Han har også hatt med seg den vesle hunden Pia, som er svært populær blant ungane.
Eidrun Straume Normann har vore reserveguide.
Ho er lærar på Stamnes skule og har mange år med erfaring som guide i Skipshelleren. Ho har stor kunnskap om lokalhistorien til området.
Besøk av media og det å ta bilde:
Du står fritt til å ta bilde eller film i Skipshelleren. Du kan bruka bilde som ligg inne på denne nettsida til materiell som borna skal bruka før og etter besøka. Me har stadig besøk av aviser og har hatt Norge rundt på besøk for nokre år sidan og NRK P 1 radio i august 2006. Treng du bilde til trykk så ta kontakt og me sender i betre kvalitet.
Skipshelleren og Straume:
Våre guidar møte deg ved hovudvegen og fortel fyrst litt om naturen og området du er komen til. Så går me bort til Skipshelleren. Det tek 5-10 minutt. Området er svært vakkert.
Skulemuseet: Eige opplegg som må bestillast særskilt.
På Straume har me også teke vare på den gamle skulen. Her kan ein også få omvising. Dersom ein skal innom her samme dagen, må ein ha lenger tid eller korta ned opplegget i Skipshelleren.
Skulemuseet ligg i gangavstand frå Skipshelleren. På Skulemuseet kan du få prøve ein skuletime slik dei hadde det før med ein lærar og få prøva å skriva med blekk. Det er også mogeleg å spela fotball på den vesle skuleplassen tett ved skulen.
|