Om lag 750 born fordelt på 23 skular har i mai, juni, september, oktober 2006 vore på besøk i Skipshellaren ved Straume på Stamnes, fortel ei engasjert steinalderkvinne Anita Vik. Saman med Eidrun Straume Normann og Sveinung Klyve er ho guide der denne våren.
-Dei skulane som besøkjer oss kjem ofte att år etter år fordi dei er så glade i området og opplegget vårt. Me har tilpassa undervisning til 4. klasse sitt pensum. Det er skular frå Vaksdal, Voss, Bergen, Askøy, Osterøy, Samnanger og ein heilt frå Eikelandsosen som har vore her i år.
|