Startside Om Skipshelleren Om Straume landskapsmuseum Tilkomst Undervisning Fotoalbum Lenker Kontakt oss
 
NYTT

Opplegg i Skipshelleren 2023
Vikingdagar på Småbrekke 2016
Video om ein dag i Skipshelleren
Fjordfiskedagar med Brørvikskuto 2015
Kulturminnedagar på Straume 1-2.10.2014
STEINALDERDAGAR I SKIPSHELLEREN 2013
På historisk grunn i Eksingedalen 2011
FJORDFISKEDAGAR MED BRØRVIKASKUTO 2010
Video frå Småbrekke villmarksleir i Bergsdalen
Jernalderdagar på Tettaneset 29-30.9.09
Atle O. Bolstad - er gått bort
Stor pågang i Skipshelleren våren 2009
Fjordkulturdagar 8-9. oktober 2008
Skular i Skipshelleren 2008
Vikingdagar på Stamnes sept 2007
STEINALDERDAGAR I SKIPSHELLEREN 26-27.10 2006
Skular i Skipshellaren 2006
Dale mannskor syng

     


Skuleguiding

Skuleguiding 2023


Det vert kjekt i april,mai og Juni 2023 med fast opplegg med skular som kjem i Skipshelleren fortel Guide Anne Lise Leiren Mastervik, ho har med seg Hjelpeguide Evy Kvamme frå Vaksdal Kommune. Bergen og Omland Friluftråd (BOF) har no tilsyn med dei større tinga i Skipshelleren, medan guidane syter for at alt er i orden og ryddig til ei kvar tid. 
På grunn av Smittevernhensyn, må me fylgja dei Nasjonale Rettninglinjena. 


 

 


 

Anita Vik lærer ivrige jenter å skyta med pil og boge.

 

 

 

Så er det tida for ei godt matøkt ved grindbygget nede ved sjøen.

 

 


 

Pølsegrilling og pinnebrød høyrer med i programmet.

 

  

 

Under Skipshelleren får elevane høyra om livet der for ca 7000 år sidan.

 

 



 

 


 

 

Innleiing
Desse sidene skal gje informasjon om den unike steinalderbuplassen Skipshelleren på Straume i Vaksdal kommune i

Hordaland fylke. Her har ein funne spor etter menneske som har budd under helleren sidan isen frå siste istid trekte

seg attende. Dei eldste funna er frå eldre steinalder, nærare bestemt tida omkring 5200 f.Kr.


 


Undervisningsopplegg
Midt på 1990-talet fekk Vaksdal skulekontor utarbeidd eit undervisningsopplegg med Skipshelleren som utgangspunkt. Dette opplegget har vore brukt i åra sidan, hovudsakleg i mai-juni. Opplegget er blitt svært godt motteke, og kvar vår kjem skular frå ulike stader i Hordaland på besøk. Det syner seg at særleg skular som har vore på besøk tidlegare, kjem att med nye klassar år etter år.  Les meir under undervisningsopplegg.





Generelt
Me syner elles til dei ulike sidene her, der ein kan få opplysningar om m.a. sjølve buplassen, kart over området, korleis ein kan ta seg fram til helleren, kjeldestoff, aktuelle lenker til temaet steinalderen og til Straume landskapsmuseum, som Skipshelleren er ein viktig del av. 

 

 

Video om ein dag i Skipshelleren
 
  
 Håvard Bergo frå Eksingedalen har laga ein video frå ein dag i Skipshelleren med Dale skule. 

Sjå videoen her på 4,5 minutt:  https://www.youtube.com/watch?v=mVx07kPmqLQ

 
        Rediger